Solundnytt

Følges av 51 medlemmer.

Her kan ein legge inn informasjon om det som skjer av (kultur)arrangement i Solund. Dette vere seg revyar, dans, arrangement på Solund Bryggje (restaurant og pub), opplegg i idrettsbygg, fjellturar osv. Dette for å auke oppslutninga kring arrangement og gjere slik at menneske utanfor kommunen som ynskjer å vitje Solund kan få informasjon om det som skjer før det skjer.. :)

Alle er velkomne til å leggje inn det dei kjenner er relevant! Mer om sonen

Origo Solundnytt er en sone på Origo. Les mer

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Nordhordland no (tirsdag 2. august 2011). Les mer om roperten…

Ein tur inn til Tveranger

Ein liten tur på oppdagelsereise nord-vest i Solund.

Storslått natur finn ein mange stader i Solund. Her frå Tverangerpollen.

på veg heim

Tveranger

Lunt ligg heimen under fjellet

Ein idyll gjøymt mellom knausane

Ei einsam Revebjølle

Vist 539 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Takk til Asbjørn og alle dei andre som likte bileta.

Her har vi gått i dine spor.
Du kan kanskje fortelje litt meir?

Tveranger

Hei Asbjørn, -eg har notert meg litt frå staden Tveranger. Skal skrive litt når eg for tida på meg.

Kjem du ut Lågøyfjorden og svinga inn til babord (venstre) rett før Drengeneset kjem du inn til Tveranger. Den ligg godt skjerma for stormane som kjem inn frå havet.
Innerst inne finn du at landskapet opnar seg og ein velstelt heim og et gardsbruk ligg der gjømt mellom dei nakne fjella.
Det var der inne eg møtte den eldre mannen, Sigmund Tveranger, full av kunnskap om tida då han vaks opp og med minner fortalt frå sine foreldre og besteforeldre.
Åra då fiskje slo feil og levekåra for familien med ein stor barneflokk og tre genrasjona under same tak. Gjelda som tok overhand og dei var i ferd med å måtte forlate både gard og grunn. Garden var etter måten stor, den fødde 7 – 8 kyr, kalva, sauer og hest
Sal av 6 kyr var med å berga garden men det dei no sat att med vart det tungt å mette dei mange munnane. Hjelpa kom med et stort innsig med sild, året var 1911. Store mengder blei sett i steng i Tverangerpollen og det kom seg over kneiken og på nytt arbeide seg opp.
Slite i open båt over vêrharde havstykke når dei ein sjeldan gong skulle til handelsmann eller andre ærend.
Skulevegen var ein strevsam tur for borna over ”berg og dal” 4-5 km. I storm og stilla baska dei seg fram vinters dagen i snø og slaps og fottøyet var treskor som var det vanlegaste i den tida. Kanskje det var her dei la grunnlaget for å meistre dei tunge taka på sjø og land i åra som kom.
Eg ser fram til neste sommar når eg på nytt skal sette meg på sjøbua og veksle tankar om tida som var og som kjem. I mellomtida skal eg ”bla” i Lokalhistoria frå Tveranger, førd i penn av Sigmund Tveranger.

Annonse